Etter ein litt treg start tok "med Dunder og Bråk" fullstendig av og fekk latterdørene på vidt gap i en fullsatt kinosal. Ein Florarevy som går over i historia som ein av dei betre, endå ein altså.
Eit problem, eller skal vi heller kalle det utfordring for gjengen bak Florarevyen er at forventningslista ligg særs høgt etter ei lang rekkje med suksess-forestillingar. Under første akt av årets utgåve, "med Dunder og Bråk" må eg innrømme at eg tidvis sat med ei lett kjensle av at dei var på veg mot eit hårfint riv. Men framleis i latterrus etter den hysteriske 2.akta er det berre til å slå fast at dei har makta å gje publikum og Florø ei strålande revygåve i jubileumsåret.
Første akta svinga litt kvalitetsmessig, frå absolutte høgdepunkt til det mindre bra. Blandt høgdepunkta var definitivt Arild Tyvold og Per Øyvind Helle i rolla som to aldrande karar med heimebrent på bordet, rett og slett vanvittig bra. Revyen baud også på to nummer skrivne av Haldor Halvorsen tilbake på 30-talet, og det snart 80 år gamle materialet frå storheitstida til gamle Fram dugde framleis rimeleg bra.
Også andre akta svinga litt, men det var frå det særs bra til det fullstendig
hysteriske.
Å plukke ut høgdepunkt er ei tilnærma umogeleg oppgåve då dei stod i kø, men
vi må nesten nevne Roy Austbø. Eit stort revytalent som briljerte i rollene
som mellom anna Trygve Ullaland, Anna Anka, drosjesjåfør Elide og Olga
Marie. Og om vi likevel skulle driste oss til å plukke ut nokre av
høgdepunkta, er "Koa tar kaka", "På bommen", "Bursdagssangen"
og ikkje minst avslutningsnummeret med drillgutar heilt klart gode
kandidatar.
Gjengen bak Florarevyen har servert Florø ei kulturell gåve som i høgste grad er ein 150-åring verdig. Og har du ikkje sikra deg billett til ei av dei kommande forestillingane enno, er det berre til å hive seg rundt. For dette bør du avgjort få med deg.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar