Origod AS bryt med det nedarva forgubbingsidealet i styreromma landet over.
For frå og med generalforsamlinga førre veke består styret i verksemda utelukkande av kvinner.
Etter generalforsamlinga i førre veke vart det klart; Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim får fornya tillit som styreleiar. Med seg i styret får ho tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys, rekneskapsdirektør ved Elkem Bremanger, Liv Mary Hole Eikeland, gruppeleiar for Høgre i bystyret Berit Seljeseth Osa og tilsetterepresentant og sjukepleiar Ann Sissel Tressnes.
– Eg føler meg veldig privilegert som har eit så godt samansett styre å halde meg til. Dette er folk med ulik yrkeserfaring, utdanning og som har brei erfaring frå kvar sine felt.
Det seier disponent i Origod AS, Petter Refsnes.
Han meiner det er på sin plass at kvinnene no har teke kontrollen over selskapet.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar