Rektor Knut Chr. Clausen kjem til å be fylket om å få opprette ein tredje allmennklasse i 1. årssteg ved Flora vidaregåande skule.
Nok elevar frå avgangsklassane i ungdomsskulane til å fylle opp ein heil ekstra klasse, har sett studiespesialisering ved Flora vidaregåande skule som sitt førsteval.
Frå før av har skulen alt fått tilsegn om to klasser.
Fleirtalet av skulane i Sogn og Fjordane har faktisk færre søkjarar til studiespesialisering enn dei har plassar til.
Og for ingen andre av dei vidaregåande skular er det registrert like stor sprik mellom søkjarar som har dette som førsteval og tilbodet på studieplassar.
– Eg håpar at den store interessa vil gjere at fylket gjev oss lov til å opprette ein ekstra 1. klasse i allmennfag (studiespesialisering), kommenterer rektor Clausen.
Saka får si politiske behandling i oppvekstutvalet til fylket 25. mars.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar