Hege Rosland heiter den nye sjefen for Sunnfjord Hestesenter.
Ho kom tilfeldig innom det ho trudde ville vere ein nedsliten gard av eit hestesenter.
– Eg vart berre storleg overraska. Eit ridesenter med topp internasjonale standard. Ikkje berre på bygga, men òg på hestane. Det hadde eg aldri venta meg.
Ho kom med erfaring frå mange år med hestejobb i Danmark, lange opphald i Italia, Sveits og Frankrike, for å skaffe seg topp rytterutdanning. Rosland har drive med hest heile sitt liv.
Ryttaren oppdaga Florø og hestesenteret under eit tilfeldig besøk hos ei venninne på Sande. Dei tok turen til Florø og fekk den store overraskinga.
Så vart det litt trening og kursing og fleire og fleire spørsmål om ho kunne tenke seg å ta over ansvaret for drifta.
– Eg vart rett og slett så forelska i staden og folka her at eg berre måtte svare ja til slutt, seier ho til Firdaposten.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar