Husflidslaget i fylket hadde tenkt å sende varme, heimestrikka tøflar til fylkespolitikarane i høve 100-årsjubileet til Norges Husflidslag.
No vil dei vente til dei har sett tildelinga av kulturmidlar for 2010.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane Husflidslag er nemleg særs uroa for økonomien i dei friviljuge organisasjonane, særleg innafor kulturlivet. Det er ikkje samsvar mellom regjeringa si satsing på friviljuge organisasjonar og kulturløftet, og fylket sine prioriteringar i langtidsbudsjettet.
– På fylkeskulturkonferansen i vinter kom det fram at støtta til organisasjonane vil bli kraftig redusert dei neste åra, og at vi må gjere verksemda vår meir prosjektbasert for å få støtte, skriv Husflidslaget i ei pressemelding.
– 2009 var eit kulturminneår, 2011 er friviljugheitsår. Det gjer det naturleg med ei satsing på, ikkje ei nedbygging av støtta til oss som driv slikt arbeid, konkluderer Husflidslaget.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar