Norunn Stavø blir den nye pleie- og omsorgssjefen i Florø.
Floras langdistanseløpar og motbakkedronning, kan få god bruk for sin gode kondisjon, når ho til sommaren skal begynne i ein av dei mest utsette stillingane i Flora kommune.
Ho blir sjef for alle omsorgsavdelingane og vil også styre omstillinga der fire tenester skal samlast til berre ei.
– Eg gler meg. Eg er sjølvsagt klar over at det er ein utsett jobb. Eg kan ikkje gjere anna enn å prøve å gjere ein best muleg jobb ut frå dei økonomiske rammene vi har, seier ho.
Stavø kjem frå jobb som lektor ved sjukepleieskulen i Førde. Ho har elles brei erfaring frå ulike sider av sjukepleia i heimekommunen. Ho har dessutan heile 13 år som operasjonssjukepleiar ved sjukehuset i Florø.
– No blir det vel mindre tid til løping?
– Du får mykje energi av løping. Når eg greier å finne tid no når eg pendlar til Førde, skal eg nok finne tid med ny jobb. Og så blir det herleg igjen å kunne sykle til jobb.
Nye innlegg | ||
Motormagasin Mads Østberg (24) og Petter Solberg (37) endte på 4.- og 5.-plass under torsdagens første fartsprøve i Rally Hellas. Les meir
Nye innlegg | ||
Nye kommentarar