...
Isak Berle fryktar at skulen i verste fall kan brenne ned. Foto: Annbjørg H. Nygård

Redd for brannstiftar

KALVÅG: Den siste tida har skulen i Kalvåg vore utsett for fleire forsøk på brannstifting. - Skremmande, seier rektor Isak Berle, som no har meldt saka til lensmannen.

Publisert 12.03.2010 kl 10:03 Oppdatert 12.03.2010 kl 10:15

Tips ein venn på e-post:


Det første brannstiftingsforsøket var i vinterferien, det siste måndag ettermiddag eller kveld. Tilsette ved skulen fann ei flaske med bensin og papir i struten på baksida av skulen, like ved inngangen til 1. klasseavdelinga, då dei kom på arbeid tysdag morgon.

- Her har nokon rett og slett laga ei brannbombe, og det skulle ikkje mykje til før kledningen hadde teke full fyr. Treverket er heilt svartsvidd på baksida, fortel Isak Berle, som er sjokkert over at nokon kan spekulere ut slike handlingar.

- Vi kan også sjå brennemerke i kledningen lenger borte, her er det tydeleg at nokon har prøvd å fyre direkte på med ein lighter eller liknande, legg han til.

Han ser svært alvorleg på hendingar som dette. Både skuleeigar Bremanger kommune og lensmannen vart informert tysdag morgon, og saka er no også formelt meld til lensmannen.

Også ordførar Kåre Olav Svarstad ser alvorleg på denne saka. Han seier det er svært beklageleg at slikt skjer, og håpar at dei som står bak tenkjer seg om fleire gonger, slik at dette ikkje skjer igjen.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Dette skiltet er lovlig

Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.