...
LOKKAR: Denne gjengen har jobba saman for å få heile Sunnfjord utover til til Florø laurdagen når bompengestasjonen på Svarthumle avviklar og turen forbi blir gratis for all framtid: Frå venstre Edvin Helgheim, prosjektleiar for byjubileet, Berit Høivik, konservator ved Kystmuseet, Tina Kroppan Holvik frå Libris, Hege Rosland, frå Hestesportssenteret, Trond Økland frå Bytorget AS og Kim Jensen frå Kringshistorielaget. Bak står Bjørn Slettevold frå Cubus. Foto: Olav Hatlemark

Skal feste for «fri flyt»

FLORØ: Handelsstanden i Florø får hjelp av ei rekkje lokale lag og organisasjonar til å sikre at køane innanfrå blir minst like lange som motsett veg, når tidlegare statsråd Kjell Opseth hevar bommen for siste gong på Svarthumle laurdag 20. mars.

Publisert 11.03.2010 kl 11:48 Oppdatert 14.03.2010 kl 09:27

Tips ein venn på e-post:


Det er den tidlegare så mektige, men òg sterkt omstridde statsråden som har fått det ærefulle oppdraget å sleppe trafikken gratis forbi i begge retningar, for første gong etter at tunnelen vart opna og bommen oppretta i 1995.

Markering

Det skal skje nøyaktig klokka 1200. Sjølve bua blir ståande endå nokre dagar. Trompetisten Trude Skarvatun skal spele under den symbolske handlinga. Ho deltok også då bommen vart etablert. Også Florø Hornmusikk skal vere med på den heilt spesielle markeringa ved bomstasjonen. Prosjektleiar for byjubileet, Edvin Helgheim, fortel at arrangørane ei stund vurderte om dei skulle påskjøne ekstra den siste som betalte bompengar forbi bompengestasjonen.

– Vi har møtt utruleg god respons frå lag og organisasjonar. Eg er nesten overraska over kor god mottaking vi har fått, seier Tine Kroppan Holvik. Ho ser det berre som positivt at dei får spreidd aktivitetar ut over store delar av Florø. Det store målet er å bidra til å skape samhald. Saman med Bjørn Slettevold og Øyvind Færøyvik har ho hatt ansvaret for å organisere det som skal skje i Florø.

Ekstra revysketsj

Her vert det alt frå open dag på Sunnfjord Hestesportssenter i Botnastranda til ekstra gode rabattar i butikkane, rekebåten kjem til Trovikkaia, og Florarevyen har framsyning med ekstra innlagt bomsketsj. Golfklubben, krigshistorieforeininga og Kystmuseet blir også engasjert.

Havhesten kan lokke med ekstra billege inngangsbillettar. Også Turistkontoret skal halde ekstra ope for dagen. Formelt skal dei ikkje opne før 1. mai.

EKSTRA ARRANGEMENT

  • Barnas tur: i Storåsen med bål og grilling, Turlaget
  • Open dag på Sunnfjord Hestesportsenter.
  • Rekebåt ved Trovikkaia.
  • Kystmuseet med Horneutstillinga (truleg ikkje ope sjølve laurdagen)
  • Florarevyen med ekstra bomsketsj.
  • Alle butikkar held ope til klokka 16.00 med spesialtilbod.
  • Laserskytekonkurranse med Florø Skytterlag.
  • Eige golftilbod med Florø Golfklubb.
  • Vandring med Krigshistorielaget

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.