– Vi er både stolte og lei oss i dag.
Det seier direktør ved STX Florø, Kjetil Bollestad, etter dåpen av førebels siste skip frå verftet i Florø.
– Vi er stolt over skipet vi leverte, men lei oss fordi det ikkje er fleire skip i løypa for vår del. I slike tider er det er viktig at vi i alle fall kan glede oss over dei byggja vi har levert gjennom tidene, seier Bollestad.
I talen sin under dåpen takka han Stolt-Nielsen på vegner av dei tilsette og på vegner av Florø, for at reiarselskapet signerte kontrakten på bygg 154. Men han takkar også sine tilsette for jobben dei har gjort.
Strategien til STX er å drive service og vedlikehald i Florø framover. Det blir med andre ord ikkje fleire nybygg her i næraste framtid, slik marknaden er.
– Marknaden har reagert positivt på at Florø går over til å bli eit reparasjonsverft. Eg er forsiktig optimist med tanke på framtida, og har tru på at dette kan utvikle seg til ein rimeleg god business for oss, seier han og legg til at STX Florø også har fleire spanande oppgåve dei snuser på.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar