FLORØ: Bente Frøyen Steindal blei måndag vald til leiar for den nye organisasjonen som skal kjempe fram ny Kystveg mellom Bergen og Ålesund.
Samtlege kystkommunar frå Nordhordland til Ålesund har sagt ja til å gå inn i den nye fellesorganisasjonen som skal kjempe for ny kystveg. At også Bergen kommune har sagt ja, blei godt motteke då eit knippe kystordførarar samla seg til skipingsmøte i Bergen måndag 8. mars. Her blei floraordførar Bente Frøyen Steindal vald som leiar, med kollega Jan Helgøy frå Vanylven som nestleiar. Administrasjon og sakshandsaming skal takast hand om av Per Brandal frå Vanylven og Eivind Hjellum frå Flora kommune.
Desse ordførarane deltok under skipingsmøtet i Bergen 8. mars:
Dei andre kystkommunane hadde ikkje høve til å delta i møtet, men alle har sagt ja til å gå inn i samarbeidsorganisasjonen.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar