Fekk mildare dom grunna lang sakshandsamingstid.
Ein mann frå Bremanger kommune er i Fjordane Tingrett dømt for å ha barnepornografiske bilde på datamaskina si.
Mannen skal ha hatt ei rekke barnepornobilde på PC'en. Bildene var av ein slik art at dei seksualiserte barn, og viste grov seksuell utnytting av barn.
Rettspraksis har bedømt andre liknande tilfelle strengt, står det i dommen frå tingretten. I utgangspunktet vil straffenivået i ein slik sak ligge på opp mot 60 dagar betinga fengsel.
Men sidan saka har blitt liggande i fleire år, fann retten at dei ville gje ein mildare dom.
Ransakinga vart utført så langt tilbake som i 2007, og det var avhøyr først i 2008. Deretter vart saka liggande hos politiet.
Mannen opplyste til retten at den lange sakshandsamingstida har vore ei belastning for han, og påtalemyndigheitene tok sjølvkritikk for dette.
Fjordane tingrett fann difor at ein passande straff var 30 dagar i fengsel, utsett med ei prøvetid på to år. Retten inndrog også PC'en til mannen.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar