I helga hadde Floraskulen Brass Band oppstartsseminar.
Floraskulen Brass Band er namnet på det nye korpset i Florø.
Med elevar frå skulane Brandsøy, Torvmyrane, Krokane, Florø barneskole og Flora ungdomsskule skulle namnet passe perfekt.
I dag tel korpset 35 medlemmer. Det spesielt gledelege er at dei har god spreiing i alder slik at kontinuiteten skulle vere sikra.
Entusiasme og glød prega stemninga på Brandsøy skule søndag der det nye korpset hadde sitt første oppstartsseminar.
Florøjenta Wenche Høidal Husom er musikkpedagog ved Bergen Kulturskule og var invitert som instruktør saman med kollega Elisabeth Vannebo.
Det nye korpset har fått ein god start, og søndag kunne stolte foreldre komme innom og høyre musikantane spele både to og tre songar etter berre ei helg.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar