...
Brannfolk i aksjon. Foto: FP

Brann starta i ei bøtte

FLORØ: Brannen i bustadhuset i Barlindbotn måndag morgon skuldast oske som framleis låg varm i ei bøtte då den vart sett utmed husveggen.

Publisert 08.03.2010 kl 13:50 Oppdatert 08.03.2010 kl 13:52

Tips ein venn på e-post:


– Ei klassisk årsak, seier politibetjent Kjell Magne Barsnes ved politistasjonen i Florø til Firdaposten om brannen.

Huseigaren sjøl greidde å halde branntilløpet i sjakk til brannfolka frå Eikefjord kom på plass 20 minutt etter at alarmen gjekk like før klokka 6.30 måndag morgon. Dermed unngjekk ein den heilt store brannutviklinga. Utrykkingsleiar Ottar Akselsen ved brannstasjonen i Eikefjord karakteriserer dei materielle skadane som mindre. Det brann inne i veggen, og røyken låg tjukk inne i huset då dei kom på plass med seks mann.

Dei fekk fort kontroll med brannen. Elden var i ferd med å brenne hol inn til stova og loftet då dei kom fram. Det tok endå 20 minutt før dei var sikre på at det ikkje glødde inne i veggen under kledningen og dei kunne melde tilbake at brannen var sløkt. Brannfolka måtte rive ned delar av bordkledningen på eine veggen.

Huset er òg litt vasskadd etter sløkkinga.

Brannfolka hadde også visse problem med å ta seg fram til huset.

– Her var relativt dårleg brøytt og vanskeleg å sjå vegkantane. Derfor måtte vi køyre litt rolegare fram enn vi elles ville ha gjort. Hadde vi enda utfor vegen med bilen på 26 tonn kunne dette ha gått rett ille, åtvarar Akselsen. Mannen bur vanlegvis åleine i huset, men her var fleire til stades då brannen starta.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.