FLORØ: Taket på ein lagerhall leigd av Statoil Norge kollapsa på Fjordbase kring klokka 13.30 søndag. Det var den tunge snøen som fekk stålbjelkane i hallen til å svikte.
Arbeidsleiaren på staden kunne stadfeste overfor brannsjef Magne Igland at det ikkje var folk i bygget då taket kollapsa.
Det er fire liknade lagerhallar i området, og heile området er no sperra av.
Etter det Firdaposten kjenner til skal det ikkje vere aktuelt å får rydda bort snøen på dei tilhøyrande hallane med tanke på tryggleiken.
Brannvesen, og to ambulansar var kort tid etter ulykka på staden. Området skal no vere sikra.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar