Riksveg 614 over Magnhildskaret er no stengt på grunn av ras. Det var også eit nytt ras ved Nordalstunnelen i morgontimane søndag. Det er uklart når vegen vil bli opna igjen.
Laurdag vart det kontinuerleg rydda for snø over Magnhildskaret, men stadig nye ras gjorde til at vegvesenet og politiet fann ut det var naudsynt å stenge vegen for trafikk.
Klokka 04.04 fekk politiet melding om eit større ras omlag 100 meter fra Magnhildskartunnelen. Vegvesnet vart kalla ut. Politiet fortel dei ikkje har opplysningar om nokon er tatt av raset. Klokka 05.25 var raset rydda, men vegen vil forbli stengt inn til vidare.
Politiet fortel det var for mørkt til å vurdere om opning av vegen ville medføre fare. Då er det fast prosedyre å stenge vegen inn til sikta er betre.
Klokka 06.30 søndag melde Vegmeldingssentralen om at det var gått nok eit ras ved Norddalstunnelen. Desse rasa har ført til at strekket av Riksveg 614 mellom krysset til Norddalsfjord i sør og Myklebust i nord er stengt inn til vidare.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar