Frisør Eli Hauge er ny eigar av kulturhuset Heimenl.
| Annbjørg Hauge Nygård | |
| Publisert 05.03.2010 kl 19:14 Oppdatert 05.03.2010 kl 19:14 |
Etter snart 90 år som eigar har Losje Havråk fatta vedtak om å selje forsamlingshuset Heimen til Eli Hauge, som har drive frisørsalong i kjellaren i over 20 år.
Dermed går det mot ei hårfin løysing for Heimen, som i tillegg til å romme frisørsalong også har Bremanger Kino og musikkgruppa Spik Adel som faste leigetakarar.
Elles har Heimen ei mykje brukt scene til konsertar, mellom anna i kulturskulesamanheng.
– For meg er det viktig at Heimen framleis skal vere eit fleirbrukshus, difor ynskjer eg at dei leigetakarane som er i bygget i dag blir verande, også etter at eg overtek som eigar, seier Eli Hauge.
Om ei veke er det 30 år sidan Eli Hauge som nyutdanna frisør flytta heim att frå Bergen for å starte frisørsalong i heimbygda.
Skeptiske røyster sa den gongen at det aldri kom til å gå bra i ei så lita bygd som Bremanger, men i dag er ho godt etablert med salongar både i Bremanger og Kalvåg.
Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!
Les meir og delta i debatten!Kampstart om:
Motormagasin Å eie bil kan bli dyrt og kan by på bekymringer. Derfor velger mange leasing. Men hva lønner seg egentlig – eie eller leie bil? Les meir
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!Kampen om arealet 23.08.2010 - 18:40
Nye kommentarar