Laurdag møtest mange av dei til plakettfest i Flora samfunnshus.
Plaketten er den høgaste utmerkinga ein 4H-ar kan få, og er eit synleg bevis på ei aktiv ungdomstid innan organisasjonen.
For å få plaketten krevst det at ein har fullført 4H-prosjekt i sju år og i tillegg har delteke aktivt i organisasjonsarbeidet og på arrangement i 4H-klubben.
Alle 119 plakettmottakarane er inviterte til plakettfesten der dei vil bli overrekt plaketten og 4H-vitnemålet.
– Vi må 15 år tilbake i tid for å finne fleire plakettmottakarar på eitt år. Vi er glade for at så mange ungdommar i fylket fullfører 4H-programmet, og eg gler meg til plakettfesten på laurdag, smiler Hilde Sværen, 4H-instruktør i Sogn og Fjordane.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar