Etter heroisk innsats blei ei kvinne gravd ut frå bilen ho sat i, som blei fullstendig dekt av eit snøras like ved Haukå på riksveg 614 mellom Grov og Svelgen.
Ved 18-tida gjekk eit stort snøras på Haukå-sida av tunnelen ved fossen "Brudesløret". Raset dekte fullstendig ein personbil.
- Det var dramatisk. Om lag ti bilar kom køyrande i kolonnekøyring i snøkavet, i retning frå Florø mot Haukå. Medan bilane var inne i tunnelen rett før Haukå gjekk det plutseleg eit stort ras rett ved utgangen til tunnelen. Ein bil køyrde rett inn i raset, fortel Firdaposten-journalist Linda Bruvik, som var på staden.
Folk i bilane som kom rett bak vart sjokkerte vitne til alt plutseleg vart kvitt, og at den framste bilen forsvann i snømassene.
Brøyta bilen ut
Inne i bilen sat ei kvinne i 20-åra som ikkje hadde nokon sjanse å kome seg ut ved eiga hjelp. Bilen var dekt av fleire meter snø på alle kantar.
Men brøytepersonell frå entreprenørselskapet Br. Mundal var i området, og gjorde ein kjempeinnsats for å få gravd kvinna ut. Ved 18.30-tida kom kvinna seg ut av bilen, utan tydelege fysiske skader.
På vegstrekninga mellom Norddalsfjord-krysset og Haukå har det gått fleire mindre ras, og der er mykje snø i vegen.
Farleg område
Det snør framleis tett, og dei store snømengdene og påfølgjande mildver har gjort området svært rasfarleg.
Om lag 15 bilar sto i tunnelen i halvannan time medan brøytemannskapet jobba for å fjerne snømassene som sperra tunnelopninga.
Vegen mellom Svelgen og Florø er stengd på grunn av dette, og vil vere stengd inntil vidare på grunn av at området er utrygt, ifølgje personell frå Mesta på staden.
Fleire ras
Det gjekk også eit snøras i same området i 16.30-tida, og vegen var stengt. Vegen vart så opna att av Mesta, opplyser politiet sin operasjonssentral.
Så skjedde altså dette raset i 18.15-tida.
Vegmeldingssentralen opplyser at rv 614 frå krysset Norddalsfjord til Kjelkenes blir stengt i natt på grunn av rasfaren. Sentralen opplyser også at det har gått småras i området heile ettermiddagen.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar