FLORA: Fiskeoppdrettar Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk fekk besøk av fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen (Ap) torsdag morgon. - Vi er bekymra for dei vilkåra småbedriftene i laksenæringa møter i framtida, sa ho.
Kyst- og fiskeriminister Berg- Hansen med føgje vitja Marø Havbruk sitt anlegg vest for Svanøy i samband med den store havbrukskonferansen i Florø den 5. mars. Statsråden fekk sjå Flora frå si beste side med skarp marssol og blå himmel. På anlegget vanka det kakao for å døyve kulden og eit raskt foredrag om "rikets tilstand".
Familieverksemda Marø Havbruk, med sine tre fast tilsette og tre deltidstilsette, er ei rotekte hjørnesteinsverksemd på Svanøy. Dei har ein omsetnad på 58 millionar kroener , hovudsakleg med oppdrettverskemd, men også innan røykeri og er også involvert i reiselivsverksemda Svanøy Oppleving.
- Vi er veldig opptekne av struktureringa i havbruksnæringa og at dei små og mellomstore bedriftene får gode rammevilkår i framtida. Vi er særskilt bekymra dersom vi får ei liknande ordning som i Hordaland, med inndeling i geografiske soner med pålagt brakklegging, formidla Tveir Sveen til statsråden.
Dei skulle begge på havbrukskonferansen i Florø torsdag, som har eit omfattande program. Der er nettopp framtida for næringa eit viktig tema. Vidare om oppdrett er berekraftig økologisk, om næringa sett i verdsperspektiv, marknadsutfordringar, USA-marknaden og faglege vurderingar av avliving av fisken ombord i brønnbåten for å effektivisere næringa endå meir.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar