Leiar i Eikefjord Storvald, Gunvar Seljeseth, er uroa for den dårlege avskytinga i valdet.
– Det blir tema på årsmøtet fredag, seier han.
Eikefjord Storvald kom ned i ei avskyting på 76 prosent sist sesong, og det vil Seljeseth gjere noko med.
Han er slett ikkje sikker på at den låge avskytinga skuldast stor hjortestamme.
– Kanskje har hjortestammen passert toppen i storleik og er på veg ned att. Ikkje minst vil vinteren i år kunne påverke det, seier Seljeseth, som ønskjer at flest mogeleg jegerar finn vegen til møtet fredag kveld.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar