BREMANGER: - Vi ynskjer å skape ein uformell treffstad der folk kan møtast, spele og lytte til levande musikk, seier Roger Igland og Norvall Klungresæter.
I samarbeid med Havly inviterer dei to erfarne Bremanger-musikarane til musikk-kafé på Havly neste fredag.
- Dette er først og fremst tenkt som ein stad å møtast der det sosiale står sterkt i fokus. Havly stiller med lokale, og vi, saman med Kjell Bjarte Varpe, skal sy saman det musikalske og åndelege innhaldet, fortel dei.
Musikk-kafe
En blir ein musikalsk aktivitet i sterk kontrast til alle store prosjekt som har vore gjennomførde i Bremanger.
- Det er kjempeflott med store prosjekt, det skapar engasjement og stor aktivitet i ein periode. No håpar vi å få til ein aktivitet som kan vare, forklarar Norvall Klungresæter.
Korleis tilbodet blir utforma, og kor ofte det blir musikk-kafé er avhengig av responsen blant bygdefolket.
- Vi må rett og slett prøve oss fram. Det tek alltid litt tid å innarbeide eit nytt tilbod, men på litt sikt har vi eit mål om å kunne invitere til musikk-kafé annankvar fredag. Om bygdefolket vil, kan kanskje fredagen bli ein fast utedag i Bremanger, seier Roger Igland.
I tillegg til å vere ein sosial møteplass, der folk kan kose seg med ein matbit og noko godt å drikke, vil musikk-kafeen også vere ein kulturell arena for musikarar og andre til å få spele og vise seg fram.
- Scena er open for alle, unge som eldre, og i ei musikkbygd som Bremanger står dei lokale aktørane nærast i kø. Gjennom musikken håpar vi å kunne mikse generasjonane og styrke samhaldet, seier dei to initiativtakarane vidare.
Det kan også bli aktuelt å invitere musikarar utanfrå til å opptre gratis på den opne scena. I tillegg til levande musikk i fleire bolkar, vil det kvar gong også bli vist musikkfilmar på storskjerm.
- Dette høyrest veldig kjekt ut, seier Anders Igland, Lars Nigardsøy og Marius Hamre, som alle tre går på vidaregåande skule og stort sett berre er heime i helgane.
Dei er ivrige musikarar, og gler seg til å få ei uformell scene der dei kan spele frå tid til anna.
- For oss som bur på hybel er det kjekt å ha eit slikt tilbod å kome heim til, seier dei vidare.
Saman med Martin Husabø Igland blir dei å sjå og høyre på den aller første musikk-kafen, i godt selskap med Bremanger Bossaband, som er ukjent for dei fleste. Kven dei sistnemnde er, og kva dei skal framføre på scena, får vi først vite neste fredag.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar