Men Eikefjord-skyttarane held døra på gløtt for Grovastøylen.
Eikefjord skyttarlag er i dialog med grunneigaren på Storebru om å byggje veg opp til laget si skytebane.
- Vi kjem til å legge ein vegplan fram for eit ekstraordinært årsmøte i løpet av våren. Vi har rundt 200.000 kroner på bok, noko eg er trygg på vil vere nok pengar til vegbygging, med god dugnadsånd som supplement, seier nyvald leiar i Eikefjord skyttarlag, Oddvar Endestad.
Alternativet er å forlate bana og flytte aktiviteten sin til det komande fellesanlegget på Grovastøylen.
- For dei aktive skyttarane i DFS-systemet vil det klart bety ei kvalitetsheving på trening og konkurranse å vere ein del av eit større miljø.
Men eg trur det gode jegertreningsmiljøet vi har bygt opp på Storebru dei seinare åra, med gode skytetilbod til rimelege prisar, vil vere langt vanskelegare å få til på Grovastøylen, seier Endestad.
Når det gjeld mogleg medverknad på Grovastøylen, meiner Endestad ballen ligg hos Flora kommune.
- Usikkerheita kring økonomisk bidrag inn i prosjektet har vore hovudproblemet heile vegen. Eg har enno til gode å sjå eit klart og tydeleg tal på kva vi må rekne med å putte inn om vi blir med.
Dersom avgjerda om å bruke eigenkapitalen vår på vegbygging blir teken, så er løpet køyrt, seier Endestad.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar