Over 120 deltakarar er påmelde til torsdagens havbrukskonferanse i Florø, der fiskeristatsråden held opningsføredraget.
Johan Magerøy hos medarrangøren Sparebanken Sogn og Fjordane er svært godt nøgd med responsen, tre dagar før havbruksmessa går av stabelen i Flora samfunnshus.
- Nesten samtlege frittståande oppdrettarar med lokalt forankra eigarskap i vårt fylke, har meldt at dei kjem. I tillegg er dei store aktørane godt representerte, og vi har også god påmelding frå aktørar i nabofylka, særleg frå Hordaland, seier Johan Magerøy.
I tillegg til oppdrettarane er det to andre viktige aktørgrupper som er godt representerte. Den eine er det offentlege, der ei rekkje etatar sender folk til Florø torsdag.
- Vi har også fått mange påmeldingar frå lokalt næringsliv som leverer utstyr og tenester til oppdrettsnæringa. Det er bra at denne gruppa kjenner si besøkstid og deltek, konstaterer Magerøy.
Havbruksmessa er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Vestnorsk Havbrukslag.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar