Med kjendiskokk Ole Jonny Eikefjord som mentor blir det utvikla heilt nye originale og lokale matrettar på Svanøy.
Anders Espeset og Svanøy Oppleving stod bak seansen som vart støtta økonomisk av fylkeskommunen.
Lokale vriar
– Målet vårt denne helga var å utvikle lokale menyar basert på dei flotte råvarene vi har rundt oss, fortel Anders Espeset.
Både Ole Jonny Eikefjord, den lokale ølbryggjaren Espen Lothe i Kinn Bryggeri og kokkane Tore Skarstein og Gro Sveen deltok i idémyldringa og det hyggelege utviklingsarbeidet.
– Dette var utruleg kjekt og vellykka. Intensjonen er å lage eit årleg arrangement på dette. Neste gong kjem vi kanskje til å bruke kreativiteten på andre område enn sjømat, fortel Espeset.
Øl til maten
Ideen med å invitere Espen Lothe er å tilpasse eller utvikle lokale drikkevarer som passar til matrettane.
– Det konkrete resultatet av helga kjem til å bli eit nytt oppskriftshefte med nye vriar på kortreist mat, trur Espeset, som er på veg med verksemda Svanøy Oppleving inn i sitt andre heile driftsår. Han koordinerer tilboda for turistar og andre gjester på øya, som skal leve opp til namnet Sunnfjords perle.
Cruise
Den lokale turistsesongen i 2009 var prega av litt færre gjester enn venta i bedriftsmarknaden, medan totalresultatet vart ein liten auke i besøkjande gjester.
– Kva betyr den venta auken i cruiseskipsbesøk for deg?
– Vi har fått nokre bestillingar i samband med cruisebesøk. Det er hyggjeleg, men betyr lite økonomisk for oss. Desse gjestene har det aller meste dei treng om bord, avsluttar Espeset.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar