Det vart definitivt ein spesiell og utan om det vanlege gudsteneste i kyrkja søndag.
Gjøgleri, klovnar, cowboyar, prinsesser i fleire variantar, barnekor og ein prest med raud nase og klovnekostyme. Kanskje ikkje nett det ein tradisjonelt sett forbinder med kyrkja, men søndag var det akkurat dette vi blei servert av sokneprest Knut Magne Fosse og dei andre i Florøkyrkja. Og det blir ikkje siste gongen, for ifølge soknepresten har han fleire planar på lur.
Det var i anledning fastelavenssøndag at det blei lagt opp til ein spesiell gudsteneste med karneval, sjonglørar og barnekor i tillegg til barnedåp og ellers det vi tradisjonelt sett forbinder med ein gudteneste. Karneval, frå gamalt av den siste gledesfesten før fastetida sette inn har også religiøse røter så det er ikkje så framand for kyrkja som ein kanskje skulle tru. - Vi ville ta inn karneval i kyrkja for å vise at vi deler glede over heile jorda før vi går inn i fastetida, fortalde soknepresten. - Eg synest dette var kjempekjekt, og det vonar eg folket også synest, haldt han fram. Glade smil og mange rosande ord tyder på at han traff blink.
Om Brage, Leah Susanne, Nemi, Pernille Sofie, Sverre Mathias og Jonas Andre som var dei seks små som blei ført til dåpen under gudstenesta fekk med seg stort av det som skjedde er vel kanskje tvilsamt. Men vi registerte ikkje at nokon av dei tydde til tårene medan det stod på, så gleda virka kanskje inn på dei og.
Og det kan bli fleire orginale innslag i framtidige gudstenester. - Hadde vi hatt betre tid skulle vi gjort endå meir ut av det, men det kan vi jo ta igjen ved ei seinare anledning. F.eks kan det bli bruk av afrikanske trommer og andre ting, fortalde Fosse som ikkje er redd for at dette skal støyte dei mest konservative kristne. - Nei, det trur ikkje det er nokon fare for. Eg trur dei aller fleste vil glede seg over at ungane får delta på denne måten, avsluttar han.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar