...
Ikkje mindre enn 300 born og vaksne var på Nybømarka i samband med "kom deg ut"-dagen til turlaget søndag.

Vintereldoradoet Nybømarka

Ikkje mindre enn 300 born og vaksne hadde teke turen til Nybømarka søndag. Der hadde Barnas Turlag i Florø lagt til rette for skileik i samband med "kom deg ut" dagen.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 07.02.2010 kl 22:42 Oppdatert 07.02.2010 kl 22:45

Tips ein venn på e-post:

...
Sissel Strømmen og dei frivillige i turlaget som hadde lagt til rette for denne dagen, hadde ei høg stjerne blant dei kring 300 som tok turen til Nybømarka.

BILDE: Skidag på Nybømarka

...

Barnas Turlag hadde lagt seg i selen for å skape ei oppleving for både born og vaksne på Nybømarka søndag. Og for 300 av dei vart skisøndagen minneverdig. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Sjå bildene her

Nybømarka viste seg frå si beste vinterside søndag.

I løpet av laurdagen hadde dei frivillige i laget laga hoppbakkar i ulike storleikar, kuleløyper i fire variantar, trampegroper og akeløyper som passar for alle.

Slalomløyper

Aslak Holmen hadde også funne fram dei gamle portane til Krokane Alpinklubb og laga både slalom og storslalomløyper alle fekk teste ut. Og tilrettelegginga gjorde skidagen på marka til noko heilt spesielt. For med sol og godt føre gjorde til at dei eldste av oss, som vaks opp på Nybømarka, vart nostalgiske til sinns.

Idyll

Det var ikkje mindre enn 300 på det meste på marka denne søndagen. Turlaget hadde laga til kokekaffi på bål og koka pølse til alle. Dei hadde til og med premiar til alle som var med på kosen. Rundt heile marka hadde familiar funne seg til rette, nokre hadde med seg grill, og andre kveika opp bål i snøen. Medan dei vaksne fekk slappe av med ein kopp kaffi i sola leika borna til dei vart slitne. Då var dei tilbake til "basen" hos foreldra nokre minutt med ein matbit og litt drikke før dei ivra ut i leiken igjen.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.