FLORØ: – Det går kvinner i denne byen utan rettar til samfunnsytingar. Dei ureturnerbare flyktningane har blitt den nye underklassen i samfunnet vårt; den nye pariakasten.
Det sa stortingsrepresentant for SV, Akhtar Chaudry, under Flora SV sitt årsmøte i Florø nyleg.. Då hadde han vore på Krisesenteret for eit innblikk i den fortvila situasjonen til dei ureturnerbare kvinnene som nyttar senteret.
Firdaposten følgde i si papirutgåve opp saka med å intervjue ein av dei iranske ureturnerbare, ei åleinemor som opplever situasjonen som svært vanskeleg å takle.
For berre i Florø går det i dag 14 - 15 ureturnerbare asylsøkjarar, som ikkje har krav på dei same rettane som nordmenn flest nyt godt av.
– Desse har blitt kasteballar mellom minst to land som ikkje ønskjer dei. Spesielt om det er born involvert får denne situasjonen store konsekvensar, seier Chaudry, som lovar å jobbe for å synleggjere dette i regjeringa.
Desse ureturnerbare asylsøkjarane har fått avslag på asylsøknadene sine, men kan av ulike grunnar ikkje sendast attende til heimlandet. Dei 14 - 15 det er snakk om er registrerte og bur på Solbakken asylmottak i dag, og er i all hovudsak iranske. Enkelte av desse har budd på mottaket heilt sidan 2005.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar