Opphavet til Kjippar- musikken

TUT, TUT, tut-tut-tut! TUT, TUT, tut-tut-tut! Det var Kjippen-takten, gjerne blåsen på håse tåkelurar i front av toget under eit banner med: Godt Nytt År! Men ein finn ikkje forklaringa til Kjippen i Florø.

Publisert 08.01.2001 kl 08:51 Oppdatert 25.12.2008 kl 16:05

Tips ein venn på e-post:

...

BILDE: Glimt frå Kjippen 2007/ 08

...

Sjå bilete Kjippen 2007 her.

Sjå bilete

BILDE: Glimt frå Kjippen 2007, del 2

...

Her kan du sjå fleire bilde frå Kjippen 2007/2008.

Sjå bilde her

BILDE: Glimt frå Kjippen 2007, del 3

...

Her kan du sjå bildesamling nr. 3 frå Kjippen 2007/2008.

Sjå bilde her

Barnekjippen 2007

...

For første gong var barna si utgåve av Kjippen markant større enn vaksenversjonen ved midnatt.

Sjå bilete frå Barnekjippen her.

Kjippen


Det er ein mykje eldre tradisjon. Det spesielle med Kjippen i Florø er at den har overlevd, seier museumsstyrar Kristian Jansen.

Jansen meiner ein må slutte med å spekulere i "dei undertrykte sin lønskamp" og slike meir "nymotens" greier.

– Kjippen er heilt sikkert middelaldersk i sitt opphav, og kjenneteiknet var først og fremst lyd; eit himla bråk karakteriserte opptoget. Å slå på tønner var ikkje noko opphavleg element i dette. Florø hadde heller ikkje så stor tønneproduksjon at den skulle vere eit spesielt utspring for ein Kjippen, seier Jansen.


Rundt førre hundreårsskifte kunne ein lese i "Bergens Tidende" om Kippamusikk. Eit støyande opptog med lærlingar og handverkarsveinar som gjekk rundt i Bergen med ulike instrument, ikkje for å spele, men for å lage mest mogeleg lyd. Det var med bakgrunn i ein middelaldersk skikk då sveinane, særleg dei yngre, var "konge for ein dag", og kunne opptre respektlaust og oppføre seg på like fot med meisteren/sjefen, noko som også vart akseptert denne eine dagen i året.

Jansen ser ikkje bort frå at skikken har kome hit til lands med hanseatane som hadde den med seg frå Nord-Tyskland. Så har det i nyare tid spreidd seg frå Bergen og hit, gjennom handverkarar som kom derifrå.

Toget gjekk gjennom ei gate, der dei kunne stige ut av prosesjonen og helse på sjefen som stod der og såg på i flosshatt eller liknande, og ønskje han og kona godt nyttår og takk for det gamle, for så å smette inn att og larme vidare med toget.

– I andre byar har tradisjonen døydd ut, medan dei i Florø har utvikla seg med tida og teke andre former. Det er difor tradisjonen mirakuløst nok har overlevd her, seier Jansen.


– Dette med masker var ikkje ein opphavleg del av Kjippamusikken. Det er noko som er kome til i Florø. Det skulle forresten vere interessant å høyre med eldre folk om dei veit når fenomenet oppstod her i byen, legg Jansen til.
Jansen fortel at Bjarne Sunde ikkje kunne hugse Kjippen frå sine første barneår, medan Bjarne Aarseth (som budde i Hesteneset) hadde tidlege minne frå slike opptog.

– Kan hende hadde dei "Kjipp" i Hesteneset lenge før den "våga" seg ut i villastroket i øvre bydel, undrast Jansen. Kjippen var heller ikkje noko for ungane, så kanskje Bjarne Sunde og hans jamaldringar vart skyssa til sengs lenge før Kjippen tok laust med sitt leven? Dette skulle vi gjerne visst meir om, og er det nokre av byens eldste som hugsar Kjippen frå sin tidlege barndom, så skulle eg gjerne likt å vite det, seier museumsstyraren.

Elles har Jansen sans for dette opptoget som med plakatar og på andre måtar kommenterer aktuelle ting i samfunnet og seier noko som sine "føresette", dei etablerte i politikk og samfunnsliv. Karnevalstradisjonen med masker og fantasifull utkledning trur han er ei nyare utvikling, men lyden har alltid vore ein veldig viktig del av Kjippen.


– Skulle eg seie noko om framtida, så er det at ein skal vere svært forsiktig med å "diktere" Kjippen, men eg skulle ønskje meir deltaking i toget, endå meir lyd og fleire plakatar med korte og treffande poeng. Men som med dei fleste ting i vår tid, er folk blitt meir opptekne av å sjå på enn sjølv å delta. Det er såleis eit under at Kippen har overlevd så lenge, seier Jansen til slutt.

Temasider om Kjippen 2003-2008 - Bilde og video

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.