Ein trailer fullasta med sild sperrar brua til Kalvøya. Truleg har sjåføren feilrekna brua, og hamna difor utfor kanten med venstre bakhjulet.
Uhellet skjedde rundt klokka 20.30 laurdag kveld, og eit par timar seinare var ein bergingsbil på plass.
Brua er sperra, og i kombinasjon med mykje snø og is, gjer det bergingsaksjonen vanskeleg. For å passere brua, må ein nemleg klatre på utsida av rekkverket.
I følgje sjåføren på bergingsbilen, vil det ikkje bli sett i gang berging før tidleg søndag morgon.
Traileren var lasta med 20 tonn sild til ein verdi av rundt 200 000 kroner, og truleg må hengaren tømmast for fisk for å få bilen oppatt på vegen.
- Dette har vi venta på lenge, og i kveld skjedde det altså, seier driftssjef Per Røys ved Norway Pelagig Kalvåg.
Han har i årevis kjempa for betre vegtilkomst til Kalvøya, og ber no om handling.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar