FLORØ: Korpsentusiastar startar no opp eit nytt skulekorps i Florø, der visjonen er at det skal vere opent og inkluderande og femne om barn frå alle skulane i Flora.
Initiativet kjem frå Roald Svarstad, Roald Leivestad, Åse Saunes, Magne Johan Eide og Torgeir Halvorsen. Alle korpsinteresserte barn og foreldre i Florø blir inviterte til å bli med på oppstarten av det nye skulekorpset i jubileumsåret! Dette er eit tilbud til både aspirantar og musikantar som kan litt frå før der fokuset blir speleglede! Dei har instrument. øvingslokale og eit samarbeid med kulturskulen i Flora.
Initiativet kjem etter at mange har opplevd at Florø Skoles Musikkorps ikkje lenger er eit tilbod som er opent for alle. Skulekorpset ved barneskulen i Florø har ein styreleiar frå Kalvåg, noko mange stiller spørjeteikn ved.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar