FLORØ: Vigdis Kittang Ramstad, leiar for komiteen av utflyttarar, visste ikkje at Måløy har ein eigen statue av ein sildegut. Det vil uansett ikkje stogge deira gåve til Florø.
– Vi har bestemt at gåva vår skal vere ein sildegut. Om Måløy også har ein sildegut, skal vår bli mykje finare, seier Vigdis Kittang Ramstad.
Ho er leiar i komiteen av utflyttarar som har jobba med jubileumsgåva. Det var i møte 21. august i fjor at ein komité av seks utflyttarar gjekk saman for å gi ei gåve i samband med jubileet. Ho var også med på bysta som står på rådhusplassen og som var ei gåve i samband med 125-årsjubileet i 1985.
– Vi har jobba opp mot Nina Nesje, som mellom anna har støypt statuen av Fred Anton Maier i Tønsberg. Ho held høg kvalitet, seier Kittang Ramstad. Ho legg også til at dei har hatt løpande samband både med ordførar Bente Frøyen Steindal og Edvin Helgheim.
– Ordføraren har også gitt oss forsikring om at dei vil finne ein fin stad til statuen i byrommet, seier ho.
Prosjektet er no komme så langt at dei vil selje åtte nummererte miniatyrar av «Sildegutten». Ein slik miniatyr kostar 20.000 kroner, og salet vil gjere det mogeleg å løfte statuen av «Sildegutten».
– No er det knapt med tid til prosjektet er i mål. «Sildegutten» er laga i leire, og 15. januar er deadline for prosjektet, avsluttar ho.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar