...
Verksdirektør Steinar Talle. Arkivfoto Foto: Alf-Haakon Harlem

Milliardkontrakt til Elkem Bremanger

Elkem Bremanger inngjekk fredag si største kontrakt nokon sinne: ein seksårsavtale om levering av silisium til Mitsubishi, til ein verdi av 1,5 milliardar kroner.

Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 04.12.2009 kl 17:59 Oppdatert 12.12.2009 kl 13:19

Tips ein venn på e-post:


Seint fredag ettermiddag kom Elkem Bremanger og Mitsubishi til einigheit om ein seksårig avtale til ein verdi av heile 1,5 milliardar kroner.

– Salskontrakten inneber om lag 30 prosent av heile silisiumproduksjonen på Silgrain. Dette er ei stor og viktig kontrakt for oss, seier verksdirektør Steinar Talle.

Elkem Bremanger har forhandla om denne kontrakten med Mitsubishi i fleire månader, og det var ein svært glad verksdirektør som fredag, om lag 40 minutt før Firdaposten gjekk i trykken, kunne informere om den nye avtalen.

- Største kontrakten

– Vi er veldig glad for å vere i mål. Det er den største kontrakten Elkem Bremanger nokon sinne har inngått. Det er utruleg viktig for bedrifta at vi har landa ei slik kontrakt i desse tider, seier Talle.

– Dette er ein viktig plattform for verket i seks år framover, så dette var godt å få på plass. Vi lever jo av kontraktar, så det er alltid godt å signere nye, legg han til.

Full drift

Silgrain (silisium) har hatt full drift heile 2009, og Elkem Bremanger har nettopp investert 80 millionar kroner for å utvide silisiumproduksjonen til nesten 40 000 tonn årleg.

– Denne nye kontrakten viser at den investeringa var god! Det er ikkje kvar dag nokon i vår region signerer kontraktar verdt 1,5 milliardar, seier ein glad Talle.

Han fortel at Mitsubishi-kontrakten inneber at ein vil finne Svelgen-silisium i all elektronikk frå Mitsubishi, til dømes i varmepumper, sjølvsagt i tillegg til i bilane.

– Det er ikkje verst! Dette er den beste julegåva Svelgen kunne få no, seier Talle.

– Leverer kvalitet

Elkem Bremanger sin hovudkonkurrent er Kina, som er kjent for sine låge prisar.

– Men vi profiterer på dyktige tilsette, og då spesielt ingeniørane og operatørane, som har den nøyaktigheiten og presisjonen som gjer at vi leverer feilfrie produkt år etter år, skryt Talle.

– Vi konkurrerer med stabil og god kvalitet over tid, og det har vi fått gevinst av no, legg han til.

Den store nyheita kom fredag etter at dei tilsette var ferdig på jobb, så det har ikkje vore noko allmøte eller kakefeiring.

– Men vi har forsøkt å spreie det via jungeltelegrafen. Og det skal bli høve for dei tilsette å feire dette, lovar Talle.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.