...

- Overveldande oppslutnad

Over 5000 lesarar var innom Firdaposten si live-dekking frå Flora bystyre. Firdaposten-redaktøren er overvelda over responsen.

Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 04.11.2009 kl 10:17 Oppdatert 04.11.2009 kl 11:09

Tips ein venn på e-post:


Firdaposten hadde tysdag ettermiddag og kveld tekstbasert live-sending frå Flora bystyre sitt møte. (Sjå live-referat nederst i denne saka - flytt pila/peikaren til vindauget, vent medan vindauget teller ned, så kjem referatet)

Det var knytt stor spennnig til om tilbodet ville slå an hos lesarane, noko det verkeleg har gjort.

I følgje live-leverandøren Cover it Live sitt statistikkverktøy var det over 5000 unike brukarar innom live-sendinga, og over 3500 lesarar følgte med lengre enn eit minutt.

I tillegg kom det inn nærare 400 kommentarar frå lesarane.

- Dette er så bra at det nesten er overveldande. Vi vil garantert gjere dette igjen, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.

Han vil samstundes gje skryt til lesarane som deltok i debatten.

- Hovudsakleg var det gode spørsmål og saklege kommentarar, sjølv om ein kunne kommentere anonymt. Eg vart veldig positivt overraska, seier Vee.

Han fortel at han har meir tru på denne typen live-oppdatering, enn på å sende video direkte frå møtene.

- Denne løysinga er interaktiv og spennande å følgje med på, og eg trur dette er ei betre løysing enn ei rein videooverføring, seier redaktøren.

  • Kva meiner du? Sei meininga di i kommentarfeltet under!

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.