Etter fleire timars debatt konkluderte Flora bystyre med ny anbodsrunde i NAV-saka.
Flora bystyre brukte om lag fem og ein halv time på NAV-saka tysdag kveld.
Etter fleire gruppemøter og rundar med avklaring av ulike punkt landa bystyret til slutt på ny anbodsrunde.
Alternativet kommunalt nybygg ved SMS fekk 16 stemmer, medan forslaget frå Venstre om ny anbodsrunde fekk 19 stemmer.
Men som rådmann Terje Heggheim påpeika under debatten; Flora kommune kan ikkje avgjere denne anbodsrunden aleine. Det vil difor no bli samtalar mellom Flora kommune og NAV om den vidare prosessen.
- Kommunen må gå i drøftingar med NAV om korleis vi tar det vidare med det vedtaket som no ligg føre, seier rådmannen til Firdaposten.no
Les fullt live-referat frå møtet nederst i saka.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar