...
SU i Flora trassa regn og blest for å markere sin solidaritet med Simon. Her dannar dei namnet SIMON mot den mørke hausthimmelen. Foto: Arve Solbakken

Regnvåt aksjon for Simon

Sosialstisk Ungdom (SU) står på krava for flyktningguten Simon (9) og krev han tilbake frå Italia til Florø.

Arve Solbakken E-post
Publisert 02.11.2009 kl 19:36 Oppdatert 02.11.2009 kl 19:50

Tips ein venn på e-post:

...
SU-aksjonistane samla etter markeringa. Foto: Arve Solbakken

Sørvesten var ilter og regnet piska meir eller mindra vassrett inn over SU-gjengen då dei gjorde seg klar til støttemarkering. Ein gjeng prøvde seg som innpiskarar med slagord og megafon i den nesten folketomme Strandgata for å samle meir folk. Men responsen var laber midt i beste Dagsrevy- og Hotell Cæsar-tid. Dei få menneska som var å sjå, hasta av garde og var opptekne med seg og sitt.

Likevel, aksjonen gjekk som planlagt, SU-ungdommen la seg i væta på torget, med eller utan regnklede, for å forme eit levande Simon av idealistisk norsk kjøt og blod.

Dei fekk kasta nokre "Vi vil ha Simon heim"-slagord inn i kulingkasta, før dei gjekk i ly på Ungdomshuset Haffen.

Så vi ser at Simon-markeringa i Florø lever vidare. Kvar kveld er det markering på Bytorget for innvandrarane Simon (9) og faren Fkadu, som lever på gata i Italia etter å ha blitt sendt ut av Norge.

- Denne aksjonen har vore planlagt ei stund. Eg synest det fungerte bra. Kampen er ikkje over enno, seier Hildegunn Berge i SU.

Seinare i november skal det vere ein aksjon for Simon i Oslo og då tek SU sikte på å sende nedover nokre frå Flora SU til å delta.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.