FLORØ: Onsdag kveld opnar Kystmuseet ei ny sildeutstilling med foto- og forskningshistorisk materiale på Bataldebua.
Utstillinga i 1.etg. har ei kulturhistorisk vinkling med foto frå sildefiske i Flora-distriktet, medan utstillinga i 2. etg. set silda inn i ein naturhistorisk og forskningshistorisk samanheng. Utstillinga er laga av Kristian Jansen, Liv Byrkjeland og Trond Strømgren.
På opningskvelden vil Kristian Jansen halde foredraget «Sild og samfunn» i Sunnfjord der publikum mellom anna får høyre om fangstmetodar og tilverkingsmåtar, sosial organisering av fangsten og om kva slags ringverknader fiske fekk for samfunnet. Det blir også vist film frå det store sildefisket på 1950-talet.
- Planar for ei utstilling på Bataldebua går langt attende. Vi er glade for at vi no er klare for opning, fortel formidlingsleiar ved Kystmuseet Ida Dyrkorn Heierland.
- Vi ynskjer at Bataldebua skal vere meir tilgjengeleg for publikum, og vi ser for oss faste guida turar til bua om sommaren.
bataldebua
Bataldebua var ei av dei største saltebuene i Batalden under det store sildefiske på midten av 1800-talet. Ho vart flytta til Sunnfjord museum i 1929. I 1959 vart ho sent til Florø, men vart først sett opp på museumsområdet tidleg på 90-talet.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar