Elles er både Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas komne med i det gode selskapet over dei med høgste nettoinntekt i Norge i 2000. Dei er alle med på lista som avisa Dagens Næringsliv (DN) presenterer over dei 300 som hadde dei høgaste nettoinntektene i Norge i fjor.
Investor og tidlegare finansanalytikar Edvin Austbø (37), son til Dagfinn og Olaug Austbø, voks opp i Florø. Austbø er heilt oppe på femteplass på lista over dei som hadde dei høgste nettoinntektene i Norge i fjor. Lista er forresten toppa av kjendisinvestoren Christian Sveaas.
Austbø skattar til Oslo og hadde i fjor ei nettoinntekt på over 184 millionar kroner. Formuen hans var om lag like stor. I fjor betalte Austbø over 53 millionar kroner i skatt til Oslo kommune og staten.
DN skriv om Austbø at medan marknaden kollapsa og drog med seg mange profilerte investorar i fallet, opplevde Austbø eit gullår. Han klatra frå ein 45. plass på lista over formuande i Oslo året før, til en femteplass på den norske inntektstoppen i fjor.
Austbø er kjend for å halde ein svært låg profil.
– Eg kommenterer ingenting. Det er min profil, seier Austbø til DN. Også når han er heime i Florø på besøk er han kjend for å gøyme seg bort med familie og gode venner.
Avisa skriv at Austbø opererer mykje i den grå marknaden, etter at han slutta som finansanalytikar i Carnegie. DN hevdar at mykje av pengane han tente i fjor kjem frå telekomputing.
Firdaposten har tidlegare fortalt at Austbø i fjor var av dei større aksjonærane i suksesselskapet Pan Fish. Det kan vere nærliggande å tru at ein del av Austbø sine fjorårsinntekter kjem herifrå.
Les meir i papiravisa
Nye kommentarar