Kåre Leif Hollevik heldt appell for Simon (9) på den internasjonale FN-dagen i Bergen.
Kåre Leif Hollevik brukte scena på Torgalmenningen i Bergen for å tale Simon si sak på den internasjonale FN-dagen.
Torsdag fekk Kåre Leif Hollevik og aksjonsgruppa for niåringen Simon og faren hans Fkadu, nytt avslag frå UNE- Utlendingsnemnda.
Men kampen er ikkje over. Kåre Leif Hollevik og advokat Roland Kjeldahl vurdere no rettsak mot den norske staten fordi dei meiner at Norge har brote FN sin barnekonvensjon. Dessutan meiner dei at Italia ikkje oppfyller krava i Dublin-avtalen om å gje flyktningane ei forsvarleg behandling.
I Bergen var det ei stor markering av den internasjonale FN-dagen og Florø-delegasjonen hadde stand på Torgalmenningen samstundes. Ein gjeng Florø-studentar med ikkje heilt ukjente Jacob Nødseth (H) i spissen var til stades. Dei tok opp med arrangøren om ikkje Simon-aksjonen kunne få taletid på scena. Det gjekk i orden. Sjå appellen på videoen vedlagt denne artikkelen.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar