Det var AUF med Mathias Stang i front som vann valet til Ungdommens bystyre i Flora kommune onsdag. AUF stakk med tre av dei ni mandata frå dei frie listene.
AUF kom inn med tre mandat og leiaren Mathias Stang hadde suverent mest stemmer av kandidatane som stilte til val denne gongen.
Av dei 224 stemmene AUF sikra seg hadde Stang ikkje mindre enn 157 personlege stemmer. Dette var meir enn dobbelt så mange som nummer to på lista, sittande ungdomsordførar Erlend Bøe frå FpU.
Spenning om det siste
Det var stor spenning i tellekorpset kven som tok det niande mandatet. Berre tolv stemmer avgjorde til Unge Høyre sin fordel. Det betyr at Fredrik Helland får Edvard Helland med seg i bystyret og at Erlend Bøe blir den einaste mørkeblå representanten i neste periode.
Frå dei frie listene kom AUF inn med tre representantar. Unge Høgre kom inn med to medan SU, Haffen, FPU, Natur og Ungdom fekk ein representant kvar.
Sosiologar kontrollerte
Det var solsiologi-klassen frå Flora vidaregåande skule som denne gongen hadde ansvaret for valgjennomføringa. Dei fekk kyndig hjelp av valgeneral Edvin Helgheim og Ungdomsleiar Inger Fuglesang.
Klassen hadde ansvaret for gjennomføringa av valet frå klokka 09.00 onsdag til vallokala stengte klokka 14.00. Frå klokka 18.00 var dei tellekorps og fordelte mandat og rekna personstemmer slik at vi allereie no kunne presentere ungdommens bystyre fram til 2011.
Stemmesankarar
På skulelistene i Flora var Petter Odin Amundsen (178) frå Flora vidaregåande og Martine Førde (155) frå Flora ungdomskule dei suverene stemmesankarane.
Ungdommens bystyre 2009-2011
Frie lister:
AUF 30,9 prosent 224 stemmer
1.Mathias Stang
2.Eirik Orheim
3.Ida Ellingsund
Unge Høgre 16,9 prosent 123 stemmer
1.Fredrik Helland
2.Edvard Helland
FPU 15,2 prosent 111 stemmer
1.Erlend Bøe
Haffen 14 prosent 102 stemmer
1.Vebjørn Dolve
Sosialistisk Ungdom 12,3 prosent 90 stemmer
1.Hildegunn Berge
Natur og Ungdom 10,5 prosent 76 stemmer
1.Kristian Berentzen
Skulelistene
Solheim skule: 1 repr.
Elise Midtbø
Eikefjord barne- og ungdomsskule: 2 repr.
1.Benjamin Hellesen Heimset
2.Susanne Tonheim
Flora Vidaregaånde skule: 4 repr
1.Petter Odin Amundsen
2.Bård Melvær
3.Heidi Bergitta Strømsnes
4.Frida Nordem Føleide
Flora Ungdomsskule: 5 repr
1.Martine Førde
2.Runar Grøneng
3.Amalie Hopkinson
4.Synne Nekkøy
5.Marlen Langedal
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar