No ventar jobben som barnehagestyrar i Florø.
Måndag kom beskjeden frå Kristin Halvorsen: Heidi Grande Røys blir ikkje med vidare i regjeringskollegiet.
- Det overraska meg eigentleg ikkje. Ut frå valresultatet var det klart at det måtte kome endringar og fornyingar. Og som fornyingsminister kan ein ikkje nett sette seg opp mot fornying, seier Heidi Grande Røys til Firdaposten.
Ho blir no erstatta som fornyings- og administrasjonsminister av Rigmor Aasrud (Ap), statssekretær i Helsedepartementet.
- Eg legg ikkje skjul på at eg er lei meg. Samtidig har det vore eit eventyr det eg har vore med på. Eg blei SV sin første stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, og eg har fått vore statsråd den aller første gongen partiet mitt gjekk i regjeringssamarbeid. No er den epoka over, konstaterer Heidi.
No skal ho pakke seg ut av Oslo-leilegheiten og reknar med å flytte heim til Florø permanent med det aller første. Der ventar jobben som styrar i Havreneset barnehage. Kor lenge vil tida vise.
- Eg ser dagens avgjerd som at ein epoke i livet mitt er over. Det er nesten på dagen 18 år sidan eg tok plass i bystyret i Florø, konstaterer ho.
- Vil du gjere eit comeback i lokalpolitikken?
- Nei. Det har eg lagt bak meg. No skal eg drive verdiskaping i offentleg sektor, seier barnehagestyraren.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar