...
* Markering på torget i Florø for Simon (9). Fråvenstre Kamilla Indredavik, Maria Sandnes Steinset, Thomas Esp, Malin Andrea Standal og Kåre Leif Hollevik. Foto: Arve Solbakken

- Vi kjem til å vinne kampen for Simon (9)

- Vi skal bli historiske, vi skal vinne denne kampen. UNE skal ikkje få gleda av at vi gir oss, understrekar Kåre Leif Hollevik.

Arve Solbakken E-post
Publisert 13.10.2009 kl 21:28 Oppdatert 14.10.2009 kl 14:21

Tips ein venn på e-post:

...
Markering på torget i Florø for Simon (9). Fråvenstre Kurt Arve Liabø, Thomas Esp, Malin Andrea Standal, Maria Sandnes Steinset og Kåre Leif Hollevik og Kamilla Indredavik. Foto: Arve Solbakken

Det har gått kring 40 døgn sidan norske styresmakter sende eritreiske Simon (9) hovudstups ut av ein trygg skulekvardag i Florø og til uteliggarliv i Bari i Italia. Saman med faren Fkadu (29) bur dei på gata, men greier seg med pengar dei får frå norske venner.

På torget i Florø markerer Kåre Leif Hollevik kvar kveld at han skal vente til kampen er vunnen og Simon og faren Fkadu er komne tilbake til Florø.

- Kvifor er du så sikker på at du skal vinne denne striden?

- Fordi vi har ei god sak. Det er heilt openberrt at Italia ikkje lever opp til Dublin-avtalen om at dei skal ta seg av flyktiningane på ein skikkeleg måte. Og for det andre, så er klart at det som har skjedd her er eit soleklart brot på FN sin barnekonvensjon, Dersom UNE (Utlendingsnemnda) sier nei i denne saka, så går vi til rettssak mot den norske staten. Og den skal vi vinne, seier Hollevik.

I mellomtida tenner han lys for Simon på torget og spelar songen som Kurt Arve Washburn har laga til saka. Kvar kveld er han på plass og får av og til besøk av nokon trufaste støttespelarar, som ungdomsskuleelevane Thomas Esp, Malin Andrea Standal, Maria Sandnes Steinset og ikkje minst, Wasburn i sivil, Kurt Arve LIabø.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Dette skiltet er lovlig

Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.