– Måtte gje fingeravtrykk for å få mat

Det fortel Fkadu, far til Simon (9).

Lokalpolitikk

...

- Overveldande oppslutnad

Lokalnytt Over 5000 lesarar var innom Firdaposten si live-dekking frå Flora bystyre. Firdaposten-redaktøren er overvelda over responsen. Les meir

Arve Solbakken
Publisert 02.10.2009 kl 19:16 Oppdatert 16.03.2010 kl 13:37

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Dag Nesbø Frøyen

BILDE: Aksjon for Simon

...

Mange møtte fram og støtta aksjonen for å få Simon (9) og pappa Fkadu heim att til Florø. Alle foto: Olav Hatlemark

Sjå bilde her

BILDE: Simons siste time i Florø

...

Vi var med Simon (9) og pappa Fkadu. Foto: Dag N. Frøyen

Sjå dei sterke bildene her

Simon-saka

  • Eritreiske Fkadu (29) og sonen Simon (9) budde i 18 månader i Flora kommune
  • Dei vart returnerte til Italia på grunnlag av den såkalla Dublin-avtalen, som seier at asylsøknaden skal handsamast i det første landet dei har søkt asyl i.
  • NRK har dokumentert at Italia ikkje følgjer opp dei to slik Dublin-avtalen føreset. Dei lever på gata i Bari.
  • I Florø arbeider Kåre Leif Hollevik og ei støttegruppe svært aktivt for å få dei to tilbake til eit anstendig liv i Flora-samfunnet.
  • Saka er no opna og skal handsamast av UNE (Utlendingsnemnda) i Norge.

Alt om Simon-saka

...

– Mange av oss sa nei, men til slutt var vi så svoltne og svake at vi godtok det, fortel Fkadu, far til Simon (9)

Vi har intervjua Fkadu (29) på telefon i den italienske byen Bari, der han og Simon framleis bur i ein park.

– Vi lever no på pengestøtte som vi får frå Norge. Gud velsigne alle i Florø og Norge, som er eit priviligert land med hjartegode menneske, seier Fkadu.

Paranoid regjering

Han formidlar si historie til oss. Ei forteljing om eit krigsherja land, med tap av mange blant familie og venner og eit regime som knuser all politisk motstand.

Fkadu var på slutten av 1990-talet aktiv på høgt nivå i fotball og studerte i tre år på universitet.

– Alle studentane var mistenkte for å motarbeide regimet i hovudstaden Asmara. Dersom ei gruppe på 3-4 studentar snakka saman for lenge, så var det nok til å bli mistenkt for politisk motstand. Eg sat i fengsel i seks månader, slik mange andre også måtte. Etter det bestemte eg meg for å flykte frå landet, fortel Fkadu.

Han vart fødd i ein flyktningleir i Sudan i 1980. Familien rømde frå den fryktelege borgarkrigen i heimlandet nokre år tidlegare. Opp gjennom åra har han mista fleire søsken i ulike krigshandlingar.

Ny krig

I 1993 kom han tilbake til Eritrea og budde hos slektningar til resten av familien var tilbake i 1995. Tre år seinare braut krigshelvetet laus igjen med grensekampar mot nabolandet Etiopia.

– År 2000 var det verste og beste året i livet mitt. Det beste fordi Simon vart fødd i august i Asmara. Det verste fordi eg mista to brør og ei søster i krigen, minnest Fkadu.

I oktober 2003 var siste gongen Fkadu har hatt kontakt med mor til Simon, Sewit. Livet var kaotisk og vanskeleg, men det var då tok han avgjerda om at framtida til Simon skulle bli førsteprioritet i livet.

Kvar einaste dag

– Eg skal stå ved Simon si side så lenge hjartet slår. Uansett kor lang tid det tek, så skal eg arbeide for å sikre ei god framtid for han. Kvar einaste dag er ein kamp for Simon, understrekar Fkadu.

– Har du kontakt med mor til Simon?

– Ja, eg veit at ho lever og at ho er flyktning i eit anna land, hevdar han.

Ho var også student i Asmara før dei valde å rømme frå kaoset i Eritrea.

Flukta gjekk til fots tre dagar til Sudan og vidare i 21 dagar gjennom ørkenen til Tripoli i Libya. Det var dramatiske døgn med fare for eige liv. Så byrja ventinga på båtskyss over Middelhavet. På andre forsøk kom Fkadu og Simon seg til Italia med ein skral farkost med 55 menneske ombord. To menneske døydde under overfarten.

Filte fingertuppane

Ettar at italienske myndigheiter hadde tvinga fram eit fingeravtrykk som bevis på Italia som førsteinstans i ein asylprosess, vart dei to internerte i ein lukka leir i Bari i to månader. Til slutt hamna dei på gatene i Roma, før dei med hjelp av pengar frå eritreiske venner greidde å komme seg til Oslo via Stockholm.

– Eg har aldri søkt om asyl i Italia, påstår han.

– Var det i Norge du filte fingertuppane for å skjule fingeravtrykka dine?

– Ja, eg gjorde det for å unngå å komme tilbake til Italia, vedgår han.

Opplevde norsk u-hjelp

– Kvifor ville du til Norge?

– Fordi eg hadde eit veldig positivt bilete av Norge inne i hovudet mitt etter åra som flyktningbarn i Sudan. På 1980-90-talet opplevde vi kor godt hjartelag Norge har for flyktningane i verda. Seinare i livet opplevde eg at fotball-laget mitt fekk støtte frå ein norsk familie som var frivillige hjelpearbeidarar i Eritrea, fortel han.

Han opplever at Simon kvar dag drøymer om å få komme tilbake til skuleklassen og vennene i Florø.

– Livet er ikkje rettferdig. I alle fall ikkje for Simon, avsluttar han.

...

– Enkelt og effektivt tiltak for rørslehemma

Lokalnytt Narvesen i Florø er ei av verksemdene som ved enkle grep strekkjer ei hand til kundegruppa som sit i rullestol. Les meir

Debatten går om handel i Florø

Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!

Les meir og delta i debatten!
...

Fjord1-konsernet:

Har kutta 30 i administrasjonen

Lokalnytt Administrasjonen i konsernet Fjord1 Nordvestlandske er slanka med 30 årsverk. - Ein viktig milepæl for oss, seier konsernsjef Leif Øverland. Les meir

...

Nesten klart for leikeplass

Lokalnytt

Formannskapet tok vel imot planane som no er lanserte for ein leikeplass vest for Flora samfunnshus. Les meir

Fotball Live

lørdag 04. sep. kl. 16:00
Vik - Florø SK

Kampstart om:

2 dager 0 timer 44 min. 52 sek.

Mest lest på Firdaposten.no:

Debatt

Les siste Firdaposten

...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!
...
...

Leier familiebil framfor å eie

Motormagasin Å eie bil kan bli dyrt og kan by på bekymringer. Derfor velger mange leasing. Men hva lønner seg egentlig – eie eller leie bil? Les meir

SKIPSTRAFIKK

...

Følg skipstrafikken på kysten!

På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.

Sjå skipstrafikken LIVE her!

VIDEOAR:

...

VIDEO: Tuftefotball med Linda Eide

Video Linda Eide kom til Florø med eitt mål i sikte: det andre laget sitt. Men som alle store spelarar trengde også ho oppvarming - på ekte attraksjonsvis. Video: Merete Husmo Høidal.

Les meir

Sjå våre videoar!

Lesarane sine bilde frå fp.origo.no

Vår meining

Kampen om arealet 23.08.2010 - 18:40

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.