Sparebanken Sogn og Fjordane har bestemt seg.
Halvard Husefest Lunde lanserte i vår ein idé om å gjere om den gamle vasstanken i Likkjeåsen til eit utkikkstårn til bruk for kunst og kultur.
Sparebanken Sogn og Fjordane ønska å lodde stemninga for om dette kunne vere banken sitt store prosjekt i samband med 150-årsjubileet, der store delar av banken sin årlege gåvepott skulle gå til tårnet.
No har banken bestemt seg for å ikkje gi støtte til prosjektet i denne omgang.
Avgjerdsla er basert på ei heilskapleg vurdering av stemmetal, engasjement og tilbakemeldingar.
- Vi har fått ganske klare tilbakemeldingar på at dei som er aktive i ulike lag og organisasjonar synest det er viktig med dei årlege gåvekronene til drift av laga, sjølv om nokre óg meinte dei kunne avstå midlar dette året, seier Tom Staveteig i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Avstemmingar
Firdaposten oppretta ei avstemming på nettsidene sine. I tillegg var det ei eiga SMS- avstemming blant Sparebanken Sogn og Fjordane sine kundar. Begge plassar hadde ein høve til å komme med utfyllande kommentarar.
- Det vi ønskte var å finne ut om dette var eit prosjekt som breidda av innbyggjarane i Florø slutta opp om, seier Staveteig.
- Vi stilte og spørsmål om ulike lag og organisasjonar var villige til, dette eine året, å avstå frå gåvetildeling slik at midlane kunne gå inn i tårnet. Då ville ein kunne realisere tårnet ved hjelp av banken sine fyrtårnsmidlar og andre bidrag frå lag og organisasjonar i byen, seier han vidare.
Stort engasjement
Avstemminga avdekka at det var stort engasjement i saka.
2231 personar gav si stemme på Firdaposten sine nettsider.
Av desse var 51 % for og 49 % imot at banken brukte gåvepotten i Florø til formålet.
Nokre oppretta facebook-gruppe til støtte for tårnet. Denne har fått 674 medlemer. Av dei som svarte på banken sine nettsider, var 103 personar for og 4 personar imot.
Kan søke gåvetildeling
- Vi har tatt desse tilbakemeldingane med oss i vurderingane om utkikkstårnet i Likkjeåsen skulle bli det store gåveprosjektet for banken i jubileumsåret. Vidare har vi lagt vekt på at det var stort stemmetal på Firdaposten sine nettsider og at avstemminga der vart om lag uavgjort, seier Staveteig.
- På bakgrunn av dette har vi gjort vedtak om at vi ikkje kan bruke store delar av neste års gåvepott til tårnprosjektet. Vi vil som før vere opptatt av å støtte dei mange lag og organisasjonar som søkjer om støtte, seier han.
- Blir det søkt om støtte til tårnet, vil søknaden verte vurdert i konkurranse med alle andre søknader som kjem inn til den ordinære, årlege gåvetildelinga, understrekar Staveteig.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar