Siste dagars åtak på faren til Simom få folk med makt i UDI har ikkje teke krafta ut av aksjonen. Ringen av folk rakk vel halve vegen rundt Likkjeåsen.
Knappe 400 møtte fram ved Florøkyrkja for slutte seg til den store ringen og vise solidaritet med Simon i regnveret.Her kom folk i alle aldrar. Mange barn og ungdommar. Også ein god del av byens innvandrar var med på støtte.– Ikkje verst på ein slik dag. Veldig bra sjølv om vi ikkje greidde å lage ringen, sa ein nøgd initiativtakar Kåre Leif Hollevik.
Når ringen ikkje nådde rundt, dirigerte han like godt folket i ei lang rekkje to gongar rundt åsen.
- At så mange kom viser at lufta ikkje har fått ut av aksjonen. Dette blir nok lagt merke til og viser at folk er like engasjerte som før for å få Simon heim til Florø. Responsen slår tilbake ein del av det vi har høyrt frå vaksenverda frå personar som har makt til å kunne gjere noko for Simon, sa Hollevik etterpå. Då kjem ei eldre kvinne til å for og seier: Det er berre heilt fantastisk å få så mange ut på ein slik dag. Det må du berre få med deg til avisa, sa Ellen Andreassen
Sjå bilde: BILDE: Slo ring om Simon
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar