Advokat Roland Kjeldahl står fast ved at UNEskyt skivebom når han kallar far til Simon for ein bløffmakar.
Direktøren i UNE, Terje Skjeggestad, hevdar i ein kronikk i VG måndag at far til Simon kunne nyttast som eksempel på menneske som bløffar seg til opphald i Norge.
Her peikar han på at faren nytta falsk identitet for å oppnå opphald i Norge for seg og sonen Simon.
Advokat Kjeldahl er tydeleg på at klienten hans aldri har nytta falsk identitet.
Han tilbakeviser også påstanden om at Fkadu og Simon har skjult seg for norske styresmakter.
Filte fingertuppane
– No har det komme fram at far til Simon har filt fingertuppane sine slik at identiteten ikkje kan fastslåas., Korleis vil du forsvare det?
– Det vil eg ikkje forsvare. Det er beint fram veldig dumt å gjere noko slikt. Men er du pressa, gjer du mykje dumt, seier Kjeldahl.
- Ikkje falsk identitet
Han meiner fingeravtrykka kjem attende igjen på kort tid. Det han er sterkt kritisk til er å sjå dette i samanheng med å opptre med falske identitetspapir.
– Å file fingertuppane sine er ikkje noko seriøst tiltak for å oppnå opphald i eit land. Det er det vi i jussen kallar for eit «uteneleg forsøk». Det er langt verre å opptre med falsk identitet, og det har Fkadu aldri gjort, slår advokaten fast.
Hadde ikkje søkt asyl i Italia
I utvisingsvedtaket til UNE som førte til at politiet fekk sendt faren og Simon på fly tilbake til Italia, viste UNE til at faren ikkje hadde opplyst at han hadde søkt asyl i andre land innanfor Schengen-området.
– Far til Simon har her full dekning då han hevda at han ikkje hadde søkt asyl i eit anna land. Å bli avkravd fingeravtrykk er ikkje det same som å søke asyl, slår Kjeldahl fast.
- Ikkje gjort noko gale
Han er trygg på at UNE kan stadfeste dette då det står svart på kvitt i utvisingsvedtaket frå UNE. Der kom det fram at han har unngått å opplyse om at han hadde søkt asyl i eit anna land forplikta av Dublin-avtalen.
Her kan ikkje Kjeldahl sjå at han har gjort noko urett.
– Barnet, barnet og barnet
På spørsmål kva som er det tungtvegande argumentet frå forsvaret i denne saka er Kjeldahl tydeleg.
– Denne saka handlar om barnet, barnet og barnet. Det er det openberre og inhumane ved denne saka, strekar han under.
Han seier at saka handlar om eit barn som i løpet av 18 månader viser seg oppsiktsvekkande godt integrert og har etablert seg på sitt normerte nivå i skulen sjølv om han aldri hadde sete på skulebenken.
- Flott at han uttaler seg
– Det Norge har kvittert denne innsatsen med er å rive Simon bort frå skule, nærmiljø og venner og sendt han til eit uteliggarliv i Italia, seier Kjeldahl.
I går hadde NRK kontakt med direktør i UNE Terje Skjeggestad for å få til ein debatt i 18.30-nyhenda på NRK radio. Og Kjeldahl synest det er flott at UNE-direktøren uttaler seg.
– Vi er tent med alle initiativ som kan sette søkelyset på denne saka, og eg håper UNE-direktøren stiller til debatt med meg i studio, seier han.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar