Kurt-Arve Washburn har laga sang om Simon (9) frå Eritrea som vart sendt ut av Norge. Onsdag framførte han den framfor alle elevane på Flora ungdomsskule. Mobil-video: Dag N. Frøyen
Utlendingsnemnda skal behandle Simon og faren si sak på nytt.
Forsvarsadvokat i Simon-saka, Roland Kjeldahl, fortel at han i går fekk svar ifrå Utlendingsnemnda (UNE) om at Simon-saka er under behandling på nytt.
Svaret frå Utlendingsnemnda (UNE) er ifølgje Kjeldahl eit standardskriv som kjem i alle tilsvarande saker. Han oppfattar svaret som ei kvittering på at kravet om gjenopptaking er kome på UNE sitt bord.
Kjeldahl har i kravet peika på innslaget i NRK Dagsrevyen, som møtte Simon og faren i den italienske byen Bari. Der kom det fram at dei to budde under kummerlege forhold ute i ein park. Dei hadde også eit intervju med ein lokalpolitikar som stadfesta at dei ikkje hadde tilbod til alle flyktningane som kom.
(Les meir: UNE-direktør trekkjer fram Simon-saka )
Fryktar det vil ta tid
Kjeldahl fryktar no at handteringa av saka på nytt vil dra ut i tid.
– No er det UNE som har ballen, og det er dei som må foreta seg noko, om dei i det heile vil gjere noko, seier Kjeldahl.
Håpar på unntak
Han er ikkje vidare optimistisk om eit positivt utfall. Men han håpar Utlendingsnemnda vil gjere eit unntak i denne saka.
– Simon-saka opplever eg som heilt spesiell. Den merksemda den har fått i media er eineståande, og den skil seg ut som sak blant dei sakene eg jobbar med til vanleg, seier Kjeldahl.
Fryktar presedens
Det han fryktar er at UNE ikkje vil opne døra for opphald då Simon-saka vil skape presedens og føre til at liknande saker vil komme fram igjen.
– Ifølgje FN sin barnekonvensjon meiner vi å ha dokumentert klare brot. Det skal vere eit godt grunnlag for opphald på humanitært grunnlag, men som sagt, eg er ikkje optimistisk, avsluttar han.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar