- Kritikken går feil veg

Ingrid Heggø (Ap) reagerer kraftig mot lesarinnlegg i samband med Simon-saka, og meinar kritkken er grunnlaus og feilretta.

Publisert 12.09.2009 kl 22:23 Oppdatert 13.09.2009 kl 16:10

Tips ein venn på e-post:

...

I eit lesarinnlegg i laurdagens Firdaposten går Ap-veteran Atle Jarl Trettevik hardt ut mot statsminister Jens Stoltenberg.

Han meiner at statsministeren sjølv burde vore til stades for å ta imot dei 4000 signaturane som Floraordførar Bente Frøyen Steindal og aksjonsleiar i Simon-saka, Kåre Leif Hollevik, var i Oslo for å overlevere.

Trettevik meiner at Stoltenberg må på bana og personleg engasjere seg for å få 9 år gamle Simon heim til Florø, og vil ikkje akseptere svar som går på at politikarar ikkje kan blande seg inn i enkeltsaker. Det er akkurat det politikarar skal gjere, understrekar han i det kvasse lesarinnlegget.

Kritikken går feil veg

- Det er eit verktøy som kan brukast for å få Simon heim, og det er barnekommisjonen. Det seier Ingrid Heggø, stortingsrepresentant og -kandidat for Ap i Sogn og Fjordane.

Heggø reagerer sterkt mot lesarinnlegget og meiner kritikken går feil veg.

- Det er Høgre og Frp Trettevik må kritisere, dei stemte mot å etablere barnekommisjonen som eit politisk fleirtal vedtok, nettopp for å ha ein sikkerheitsventil for å beskytte dei yngste i tilfeller som i Simon-saka.

Heggø seier vidare at det var eit breitt politisk fleirtall om Dublin II-forordninga som går ut på at asylsøkjarar skal søke om asyl og få søknaden behandla i det første landet dei kjem til.

Trur Simon kjem heim

Etter at Simon og faren blei returnert til Italia har dei budd under kummarlege kår, mellom anna under open himmel samman med alkoholikarar og prostituerte.

Saka har fått stor merksemd og Heggø trur Simon snart kjem heim igjen til Florø.

- Om halvparten av det eg har høyrt om deira livssituasjon i Italia er sann, er eg viss på at barnekommisjonen kjem til å konkludere med at dei må få returnere.

Ho strekar under at det blir tatt alvorleg når ei sak vekkjer så stort lokalt engasjement, men sler fast at politikarer ikkje kan blande seg inn i enkeltsaker.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.