...
Ordførar Bente Frøyen Steindal og aksjonsleiar Kåre Leif Hollevik møtte politisk rådgjevar Hadia Tajik (Ap) framfor Stortinget torsdag. Foto: Terje Pedersen, ANB

Overleverte 4000 signaturar for Simon

Kåre Leif Hollevik i støtteaksjonen for Simon er skuffa over at ingen toppolitikarar møtte dei utanfor Stortinget.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 10.09.2009 kl 10:05 Oppdatert 11.09.2009 kl 10:15

Tips ein venn på e-post:

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
VIDEO: Kurt-Arve med sang til Simon

Kurt-Arve Washburn har laga sang om Simon (9) frå Eritrea som vart sendt ut av Norge. Onsdag framførte han den framfor alle elevane på Flora ungdomsskule. Mobil-video: Dag N. Frøyen

...
Ordførar Bente Frøyen Steindal og aksjonsleiar Kåre Leif Hollevik møtte politisk rådgjevar Hadia Tajik (Ap) framfor Stortinget torsdag. Foto: Terje Pedersen, ANB
...
Foto: Terje Pedersen, ANB

BILDE: Aksjon for Simon

...

Mange møtte fram og støtta aksjonen for å få Simon (9) og pappa Fkadu heim att til Florø. Alle foto: Olav Hatlemark

Sjå bilde her

Kåre Leif Hollevik, leiar i søtteaksjonen for Simon, reiste torsdag morgon til Oslo for å overlevere underskriftene frå aksjonen til Statsministeren sitt kontor. Med seg hadde han Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal.

Men dei to fekk ikkje møte Statsministeren, slik dei ønska.

Møtte rådgjevar

Dei vart møtt av Hadia Tajik, som er politisk rådgjevar for Arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen, og dei nær 4000 underskriftene som krev at Simon og faren får komme heim vart overlevert til henne.

Tajik var tydleg på at departementet måtte følge spelereglane og regelverket dei er bundne av.

Etter at kameraene var slått av hevda derimot Hollevik at han fekk ein god samtale med Tajik, der ho uttrykte sympati for kampen støtteaksjonen dei no er i gang med.

- Skuffa

Hollevik fortel til Firdaposten at han er skuffa over at ingen toppolitikarar ville møte dei.

– Det politiske nivået eg er stolt over i denne saka er måten Bente Frøyen Steindal har opptredd på. Ho har stått fram slik vi hadde håpa ho skulle i denne saka, seier Hollevik.

For ordføraren har her vist eit ekte engasjement. Ho var dessutan nøgd med at underskriftene er overlevert og saka kommunisert inn på eit høgt politisk nivå.

– No veit vi at saka blir sett på og vi er med godt mot at Simon skal komme attende til oss, seier ho.

Stoppar ikkje ved valet

Støtteaksjonen har her nytta momentumet eit stortingsval har gitt saka. Likevel vil ikkje ordføraren gi opp saka etter valet.

– Denne kampen stoppar ikkje ved valet. Vi held fram kampen heilt fram til Simon blir teken i mot på Florø lufthamn, slår Frøyen Steindal fast.

Alt om Simon-saka:

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.