Kurt-Arve Washburn har laga sang om Simon (9) frå Eritrea som vart sendt ut av Norge. Onsdag framførte han den framfor alle elevane på Flora ungdomsskule. Mobil-video: Dag N. Frøyen
Ordførar Bente Frøyen Steindal har sendt brev til statsråden, der ho ber om at Simon og faren får komme tilbake. -Vi ventar på dei, skriv ho.
Floraordførar Bente Frøyen Steindal meiner Flora kommune har strekt ut ei hand for fellesskapet som mottakskommune for flyktningar. No ber ho i brev til statsråden at departementet strekk ut ei hand for at Simon og far hans får komme tilbake.
Det er på vegne av eit skaka lokalsamfunn at ordførar Bente Frøyen Steindal har skrive brev til Statsråd Dag Terje Andersen. Her ber ho innstendig om at det blir teke mennesklege omsyn i Simon-saka.
Brevet
Her er brevet til statsråden:
- Som det går fram av denne saka har ein niårig gut og hans far vorte sendt ut av landet og lever for tida i svært uverdige forhold.
Eg ber på det sterkaste om at det vert teke menneskeleg omsyn i denne saka.
Flora kommune har gjennom mange år teke imot asylsøkarar og kan syne til gode resultat. Det vi no opplever har skaka opp heile vårt lokalsamfunn.
Vi har teke ansvar og strekt ut ei hand som mottakskommune og med busetting av flyktningar. Vi ber no om at de strekkjer ut ei hand til oss og syner at det vi gjer for fellesskapet er verd sin pris.
Ber om at saka vert sett på på nytt slik at Simon og far hans får komme attende til Florø. Vi ventar på dei.
Det skriv Bente Frøyen Steindal i brevet.
Til Oslo
Torsdag reiser støtteaksjonsleiar Kåre Leif Hollevik til Oslo med oppropet som krev at Simon og faren får komme heim att til Norge og Florø.
Rundt 3000 menneske har skrive under på oppropet.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar