Kurt-Arve Washburn har laga sang om Simon (9) frå Eritrea som vart sendt ut av Norge. Onsdag framførte han den framfor alle elevane på Flora ungdomsskule. Mobil-video: Dag N. Frøyen
Arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen (Ap) vil ikkje gjere noko for Simon (9) som er sendt frå Florø til Italia.
Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) stilte spørsmål direkte til ministeren i Stortinget. Spørmålet gjekk på om regjeringa og statsråden meinte av Dublin 2-regelverket vert praktisert rett når det i dette tilfellet tok halvanna år før Simon og far hans blei sendt ut frå eit lokalmiljø dei var godt integrert i.
Ikkje inn i saka
Dag Terje Andersen vil ikkje gå inn i sjølve saka, men kjem med eit lengre generelt svar som i klartekst betyr at denne saka vil dei ikkje sjå nærare på. Frist for å gjennomføre selve uttransporteringen er normalt seks måneder etter ansvarsfastsettelsen, som skjer enten ved at det anmodede landet aksepterer eller oversitter svarfristen. I slutten av svaret seier statsråden:
"Jeg vil avslutningsvis understreke at det er uheldig at saksbehandlingstidene i noen tilfelle blir lange. På den annen side anser jeg det som viktig å benytte Dublin-regelverket, og lang saksbehandlingstid bør ikke medfører at saken skal realitetsbehandles i Norge når vilkårene for retur til første asylland er oppfylt".
Ikkje truverdig
Gubvald Ludvigsen var langt frå nøgd med svaret i frå Statsråden.
- Det er ikkje truverdig av ein statsråd å peike på at det blir teke omsyn til saker der barn er involvert. Det har ikkje skjedd i denne saka. Her har mennesklege omsyn ikkje blitt vurdert noko vi må kunne forvente i norske asyl-saker, seier han.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar